Kampen om stortingsbenken Sogn og Fjordane
STORTINGSVALET 2021: Dei drøymer alle om å sitte på den gjevaste benken av alle, Sogn og Fjordane-benken på Stortinget, men det er plass til berre fire. Korleis er kampen? I denne podkast-serien møter du 9 førstekandidatar som alle ønskjer å påverke framtida vår. Vi tek deg med bak scena i valkampen. Vi som står bak podkasten er Eirin Aardal og Anne Mette Hjelle. Del gjerne med andre. Godt val!
Episodes
Monday Sep 06, 2021
Monday Sep 06, 2021
Møt valutspørjar Erlend Blaalid Oldeide, politisk journalist i NRK Vestland. Han er kjent som ein tøff utspørjar! Det stressar fleire av stortingskandidatane i Sogn og Fjordane. (Opptak gjort 31.8.2021).
Saturday Aug 28, 2021
Saturday Aug 28, 2021
Olve er superoptimisten som ikkje vil vere nostalgisk. Han er og ordføraren som har fått råd av Firda-redaktøren om å bli meir "rocka". Han er advokat, men har dei siste 10 åra styrt den kommunale skuta i Førde og Sunnfjord. (Opptaket er gjort 28.8.2021)
Wednesday Aug 25, 2021
Wednesday Aug 25, 2021
Tore er den einaste av kandidatane til årets stortingsval som allereie er på stortinget. For fire år sidan tok han utjamningsmandatet etter ein valthriller. Han synes debattar er pyton, men også avhengigheitsskapande. Han har ulike metodar for å slappe av. (Opptaket er gjort 24.8.2021)
Monday Aug 23, 2021
Monday Aug 23, 2021
Torbjørn vil på stortinget og kjenner på presset om å levere i valkampen, men aller mest er det høgtid at så mange vil snakke politikk no. Han elskar dørbank, men er ikkje fullt så glad i dei høge tonane i partiet sine kampsangar. (Opptaket er gjort 5.8.2021).
Friday Aug 20, 2021
Friday Aug 20, 2021
Ordførar-Alfred er godt kjent frå media, m.a. som "distriktspsykopaten", men seier han både kan vere stille, beskjeden og litt introvert. Han har hovudfag i tropisk fjørmygg, men er i dag meir opptatt av det store bildet. Han tek ingenting for gitt no i valkampen. (Opptaket er gjort 15.8.2021.)
Wednesday Aug 18, 2021
Wednesday Aug 18, 2021
Erling er den alle spår har ein plass på stortinget i neste periode for Sogn og Fjordane. Sjølv vil han ikkje ta det på forskot, sjølv om han har fylt ut søknadsskjema om stortingshybel. Han er opptatt av å oppføre seg ordentleg i valkampen. (Opptaket er gjort 9.8.2021.)
Monday Aug 16, 2021
Monday Aug 16, 2021
Marius er legen som snakkar fort og mykje og som syklar rundt og deler ut tusenvis av valkampbrosjyrer. Av ting han ikkje likar er forenkling og overdriving. Debattar kan også vere utfordrande. (Opptaket er gjort 10.8.2021.)
Friday Aug 13, 2021
Friday Aug 13, 2021
Anfinn er frå Stadlandet. Sjølv om det er travelt med valkamp, så prøver han å gå ein tur kvar dag, helst med Pink Floyd på øyret. Han har livserfaring som gjer at han er særleg opptatt av folk som slit økonomisk. (Opptaket er gjort 8.8.2021.)
Wednesday Aug 11, 2021
Wednesday Aug 11, 2021
Hege er ein erfaren politikar som vil ha meir makt, men ho føler også på presset no når ho er SVs førstekandidat. Hege går alltid med partiprogrammet i veska og gruar seg til utspørjinga i NRK, men meiner kvinner må bli betre på å gje litt "F". (Opptaket er gjort 9.8.2021.)
Monday Aug 09, 2021
Monday Aug 09, 2021
Geir har 20 år bak seg som kommunepolitikar i tidlegare Vågsøy, no Kinn kommune. Han har lang arbeidserfaring frå fiskeindustrien, men er no pensjonist. Geir innrømmer gjerne at han ikkje veit så mykje om landbruk. - Det er ei ærleg sak. Vi er jo ikkje vandrande wikipedia-idiotar! (Opptaket er gjort 6.8.2021.)